Etter omstrukturering i tidlegare Nedre Jølster Bilelag vart Bilelaget A/S starta i 2017 som eit eige aksjeselskap. Vi held til på Jølster med arbeidshall og snikkarverkstad på Slåtten.

Vi er heldige og har fått jobba i restaureringsfaget i mange år vi har med oss erfaringar heilt tilbake til Middelalder- prosjektet i 1994 og fram til i dag. Vi har hatt mange spennande prosjekt.

Arbeidet med stavkyrkjene i fylket har vore noko av det mest interessante og lærerike.
Som tidlegare lag har vi fått både Fylkeskultur pris og Tiltakspris frå Jølster kommune.

Fylkeskulturprisen vart grunngjeven med denne teksten:
Laget representer det ypparste av kvalitet når det gjeld antikvarisk restaurering av eldre bygg og ivaretaking av gamle handverktradisjonar. Dei har over mange år tileigna seg unik kompetanse og deler den kompetansen gjennom kursverksemd og bruk av kompetansen i heile fylket. Også på nasjonalt plan blir dei sett på som eit svært viktig kompetansemiljø, noko og Riksantikvaren har gitt sterkt uttrykk for, mellom anna grunna det arbeidet dei har gjort med Urnes stavkyrkje og dei andre freda bygg.

I Kulturåret 2009 har det vore viktig for hovudutvalet å markere dette med ein kulturpris til ei gruppe menneske som på ein framifrå måte tek vare på den fysiske kulturarven knytt til bygningsmiljø.